Author Archives: Torhild Hovstad Skumsnes

Opning av toalettbygg

Laurdag hadde me uhøgtideleg opning av toalettbygget i Midtfjellet.
Primus motor Kristian stod for opninga med god hjelp frå Anton og Lars Ove.

Me har mange me må takka. Takk for hjelp og bidrag frå Sim miljøfond, Fitjar Kraftlag, Fitjar kommune, Engevik og Tislevoll, Hatlevik Rør, Waage Anlegg, Årskog Elektro, Nils I Dalen, og alle som har bidratt med arbeid mot realisering av dette.

Etterpå var me med på opninga av den flotte sykkelstiløypa lenger oppe i fjellet som Fjellsameiga har vore ein viktig bidragsytar til ilag med fleire andre. Styreleiar Lars Ove fekk vera med på snorklyppinga. Kjekt å sjå så mange folk i fjellet idag!

Småviltjakt i Fitjarfjellet 2023

For å kunna driva småviltjakt i Fitjarfjellet (gard nr 90 bruk nr 1) må ein kjøpa jaktkort hos Fitjar fjellsameige. Jakta vert annonsert i pressa.
Tidlegare har småviltjakt i fjellsameiga berre vore tilgjengeleg for dei som er busette i Fitjar eller Stord kommune, men jakta er no open for alle som kjøper jaktkort.
Pris pr jaktkort er kr. 380,-. Jaktkortet kan betalast med Vipps til nr. 130279. Bruk kvittering som jaktbevis.
Etter at jakta er over skal jaktrapport returnerast til Fitjar fjellsameige v/Tveit Regnskap, send til rune-h@tveit.no
Jakttida er frå  9. oktober – 23. desember 2023. Jakttida på hare er utvida til 28. februar 2024.
NB! Orrhøne, storfugl, lirype og fjellrype er freda i Fitjar fjellsameige.

Vil ein nytta hund under jakta skal det leggjast fram attest på at hunden er sauerein.
Dei som jakta i 2022 får ikkje kjøpa nytt jaktkort før det er levert rapport for jakta for fjoråret. For dei som ikkje returnerte kortet før 10.03.23 for jakta hausten 2022 vert det lagt på eit gebyr på kr 100,-, som vert krevd inn i samband med betaling for jaktkort for 2023. Det same vil gjelda ved framtidige kjøp av jaktkort.
Kontaktpersonar i fjellsameiga er Lars Ove Rimmereid,  lars.rimmereid@haugnett.no , tlf. 91154691 og Karl Andre Rydland , kala@haugnett.no, tlf. 95779513.
Klikk på lenka for å sjå kart over området: