
Store deler av Fitjar fjellsameige vert brukt som beite for småfe og storfe. Beiteperioden varer frå våren fram til 1. oktober. Sommaren 2026 var det totalt 985 dyr (966 sauer og lam, og 19 storfe) på beite i fjellet.
Sauer og lam går lause i fjellet. Storfea brukar Nofence (virituelle gjerder). Fjellsameiga gjev støtte til drifstkostander for dei som bruker Nofence.
Dersom ein går tur i fjellet og treff dyr der er det viktig at ein held avstand og at ein går utanom dyra. Som alltid er det viktig å lukka alle grindar etter seg,
I Fitjar er det utvida bandtvang. Det betyr at i tillegg til normal bandtvangstid 1. april-20. august, skal hundar haldast i band i område der husdyr har rett til å beita og faktisk beiter, i perioden 20. august til 15. oktober. Dette betyr at det er bandtvang i Fitjarfjellete frå 1. april – 15. oktober.
Fjellsameiga planlegg å byggja ei lite, enkel gjetarhytte ved Mosavatnet.

