Ekstraordinært årsmøte 24. september 2026

Det vert ekstraordinært årsmøte i Fitjar fjellsameige på Fitjar fjordhotell torsdag 24. september kl. 19.30, med registrering og kaffi frå kl. 19.00.
Årsmøteinnkalling med årsmøtepapir er sendt ut til sameigarane på e-post. Dei som ikkje har registrert e-postadresse vil få innkalling i posten. Ta kontakt med styreleiar Lars Ove Rimmereid 911 54 691 om du har spørsmål.

Småviltjakt i Fitjar fjellsameige 2026

For å kunna driva småviltjakt i Fitjarfjellet (gard nr 90 bruk nr 1) må ein kjøpa jaktkort hos Fitjar fjellsameige. Dei som jakta i fjor må levera inn jaktrapport for førre år til rune.helland@sr-bank-fp.no, før ein kan kjøpa nytt kort.
Jaktperiode: 6. oktober – 23. desember 2026. Jakttida på hare er utvida til 28. februar 2027. Orrhøne, storfugl, lirype og fjellrype er freda i Fitjar fjellsameige. Jakta er open for alle som kjøper jaktkort.
Jaktavgift på 400,- skal vippsast til 130279. Bruk vippsbetalinga som jaktbevis.
Vil ein nytta hund under jakta skal det leggjast fram attest på at hunden er sauerein.
Kontaktpersonar i fjellsameiga er Lars Ove Rimmereid, lars.rimmereid@haugnett.no , tlf. 91154691 og Karl Andre Rydland , kala@haugnett.no, tlf. 95779513.

Årsmøte 2026

Det vert årsmøte i Fitjar fjellsameige torsdag 19. mars kl. 19.30 i Fitjar kulturhus. Fullstendig årsmøteinnkalling med årsmøtepapir vert sendt ut til sameigarane. For spørsmål ta kontakt med leiar Lars Ove Rimmereid tlf 911 54 691.