Eigarskifte og fullmakter

Det er den som står i matrikkelen som eigar av det aktuelle bruket som har røysterett på årsmøte i Fitjar fjellsameige. Eigarar kan gje andre fullmakt til å representera seg, og røysta for seg, på årsmøte i sameiga. Dei som møter må då ha ei fullmakt med seg. Ved å klikka på Fullmaktskjema under her kan ein skriva ut eit skjema som ein kan bruka.

Fullmaktskjema

Når det har skjedd eigarskifte på eit bruk må ny eigar fylla ut eit registreringsskjema som skal sendast til
Fitjar fjellsameige v/Lars Ove Rimmereid
Fitjarvegen 1764
5419 Fitjar
tlf. 911 54 691
e-post: lars.rimmereid@haugnett.no .

Dette er den einskilde eigar sitt ansvar.
Registreringsskjemaet finn ein ved å klikka på registreringsskjema under her.

Registreringsskjema