For å kunna driva småviltjakt i Fitjarfjellet (gard nr 90 bruk nr 1) må ein kjøpa jaktkort hos Fitjar fjellsameige. Jakta vert annonsert i pressa.
Tidlegare har småviltjakt i fjellsameiga berre vore tilgjengeleg for dei som er busette i Fitjar eller Stord kommune, men jakta er no open for alle som kjøper jaktkort.
Pris pr jaktkort er kr. 380,-. Jaktkortet kan betalast med Vipps til nr. 130279. Bruk kvittering som jaktbevis.
Etter at jakta er over skal jaktrapport returnerast til Fitjar fjellsameige v/SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner, send til rune.helland@sr-bank-fp.no
Jakttida er frå 7. oktober – 23. desember 2024. Jakttida på hare er utvida til 28. februar 2025.
NB! Orrhøne, storfugl, lirype og fjellrype er freda i Fitjar fjellsameige.
Vil ein nytta hund under jakta skal det leggjast fram attest på at hunden er sauerein.
Dei som jakta i 2023 får ikkje kjøpa nytt jaktkort før det er levert rapport for jakta for fjoråret. For dei som ikkje returnerte kortet før 10.03.24 for jakta hausten 2023 vert det lagt på eit gebyr på kr 100,-, som vert krevd inn i samband med betaling for jaktkort for 2024. Det same vil gjelda ved framtidige kjøp av jaktkort.
Kontaktpersonar i fjellsameiga er Lars Ove Rimmereid, lars.rimmereid@haugnett.no , tlf. 91154691 og Karl Andre Rydland , kala@haugnett.no, tlf. 95779513.
Klikk på lenka for å sjå kart over området: