Det er open veg opp til Olstjørna, der det er ein stor parkeringsplass på fjellsameiga sin eigedom. Vegane vidare innover i fjellet er stengt med bommar. Ved Olstjørna er det opparbeida ein god, brei tursti/lysløypa på vel 800 meter rundt Olsjørna. I tillegg er vegen frå Olstjørna til Svartavatnet lyssett.
Idrettslaget har fått laga ein frisbee-bane i område rundt Olstjørna og i bakken på austsida av vegen opp til Kidnavantet er det opparbeida ei sykkel-løypa.
Ved Olstjørna har fjellsameiga laga eit fint grindabygg som vert nytta til lagring av litt diverse utstyr. Fjellsameiga har og fått på plass ei toalettbrakka, som både skal gjevast universell utforming og skal kleast med eit grindabygg.
