Områda i fjellet vert nytta til både storvilt- og småvilt-jakt.
Storvilt
Styret i fjellsameiga søkjer kvart år om fellingsløyve på hjort. Jakta vert leigd ut, og utleiga vert annonsert i pressa, her på heimesida vår og på facebooksida vår.
Småviltjakt
For å kunna driva småviltjakt i Fitjarfjellet (gard nr 90 bruk nr 1) må ein kjøpa jaktkort hos Fitjar fjellsameige. Jakta vert annonsert her på heimesida vår og på på facebooksida vår.
Tidlegare har småviltjakt i fjellsameiga berre vore tilgjengeleg for dei som er busette i Fitjar eller Stord kommune, men jakta er no open for alle som kjøper jaktkort.
Før kjøp av nytt jaktkort skal jaktrapport frå førre jaktperiode sendast til rune.helland@sr-bank-fp.no
Jaktavgift på 400,- skal vippsast til 1302279. Bruk vippsbetalinga som jaktbevis.
Jaktperiode: frå 4. oktober – 23. desember. Jakttida på hare er utvida til 28. februar. Orrhøne, storfugl, lirype og fjellrype er freda i Fitjar fjellsameige.
Vil ein nytta hund under jakta skal det leggjast fram attest på at hunden er sauerein.
Sameigarar treng ikkje betala jaktavgift, men det er viktig at ein likevel leverer inn jaktrapport.
Kontaktpersonar i fjellsameiga er Lars Ove Rimmereid, lars.rimmereid@haugnett.no , tlf. 91154691 og Karl Andre Rydland , kala@haugnett.no, tlf. 95779513.
Klikk på lenka for å sjå kart over området:



