
Etter å ha gjennomført eit forsprosjekt for nydyrking på Blekje, starta me 3. oktober 2016 med å dyrka eit område på knappe 50 mål i det området der den første prøvedyrkinga ved Olstjørna vart gjort. Området består av to stykker på kvar si side av vegen, nordvest for Olstjørna.
Ein kan lesa meir om dette prosjektet i artikkelen Nydyrking på Blekje som Kjetil Rydland har skreve i Fitjarposten her.

I 2023 vart det dyrka 110 mål til, lenger sør, og i 2026 vert det dyrka ytterlegare 40 mål. I 2026 er det dyrka totalt 200 mål i fjellet. Desse områda vert leig ut til eit lokalt fordyrkingslag, og på dei 160 første måla har dei hatt god grasproduksjon.

