Tag Archives: Fitjar

Småviltjakt i Fitjarfjellet 2022

Foto: Torhild Hovstad Skumsnes

For å kunna driva småviltjakt i Fitjarfjellet (gard nr 90 bruk nr 1) må ein kjøpa jaktkort hos Fitjar fjellsameige. Jakta vert annonsert i pressa.

Tidlegare har småviltjakt i fjellsameiga berre vore tilgjengeleg for dei som er busette i Fitjar eller Stord kommune, men jakta er no open for alle som kjøper jaktkort.

Jaktkort må tingast hos Tveit rekneskap, på telefon 452 92 954 eller på e-post Rune-h@tveit.no . Pris pr jaktkort er kr. 380.-. Etter at betaling er komen inn på konto kan jaktkort sendast/leverast ut til jegar. Jaktkortet kan betalast med Vipps til nr. 130279.  

Etter at jakta er over skal kortet med jaktrapport returnerast til Fitjar fjellsameige v/Tveit Regnskap, Postboks 33, 5418 Fitjar, eller du kan ta bilde av kortet og senda det på e-post eller SMS til Tveit Regnskap.

Jakttida er frå  11. oktober – 23. desember 2022. Jakttida på hare er utvida til 28. februar 2023.

NB! Orrhøne, storfugl, lirype og fjellrype er freda i Fitjar fjellsameige.

Vil ein nytta hund under jakta skal det leggjast fram attest på at hunden er sauerein.

Dei som jakta i 2021 får ikkje kjøpa nytt jaktkort før det er levert rapport for jakta for fjoråret. For dei som ikkje returnerte kortet før 10.03.22 for jakta hausten 2021 vert det lagt på eit gebyr på kr 100,-, som vert krevd inn i samband med betaling for jaktkort for 2022.  Det same vil gjelda ved framtidige kjøp av jaktkort.

Kontaktpersonar i fjellsameiga er Lars Ove Rimmereid,  lars.rimmereid@haugnett.no , tlf. 91154691 og
Karl Andre Rydland , kala@haugnett.no, tlf. 95779513.

Klikk på lenka for å sjå kart over området:

Jaktkart