Intervju med Sverre Torland

Sverre Torland var Fitjar grunneigarlag sin fyrste leiar, og me har møtt han for ein samtale om oppstarten og dei fyrste åra med eit organisert og aktivt grunneigarlag.

Me møter Sverre og kona Thelma heime i stova i det nye kårhuset deira på Fitjargarden. Tanken er eit lite intervju om grunneigarlaget og hans tid som formann. Han er inne i sitt 85. år, og som pensjonist meiner han at han har god tid. Me kan møta han kor tid som helst, berre ikkje om føremiddagen for då han skal på kafeen og løysa verdsproblem saman med kameratane.

Sverre var med på skipingsmøtet til det som heiter Fitjar grunneigarlag. Fjellsameiga hadde vore der lenge, men i 1971 vart det tilrådd frå bl.a. bondelagshald at ein skipa eit grunneigarlag og eit styre. Heradsagronom Harald Husum var pådrivaren for dette, og tok ansvar for det juridiske. Grunnen for opprettinga var eit ynskje om å halda på rettigheitane i fjellet og å unngå at jegerar og fiskeforeiningar skulle overta rettigheitane. Det var behov for at nokon tok hand om fjellet, og dei ville sikra at rettigheitane vart verande hos dei som eigde grunnen, forklarer Sverre. Den gjeldande politikken på den tida gjekk mot at staten skulle ta ansvar for allmenheita, og dei som dreiv med jakt og fiske kjempa for å få rettigheitar over fjellområder. Men Sverre påpeikar at her på Fitjar var det ikkje noko konflikt mellom grunneigarar og jakt- og fiskeinteresserte, og før grunneigarlaget vart danna vart det danna eit jaktlag.

Skipinsgmøtet vart halde 4. juni 1971 på kafe Iris. Alle grunneigarane vart kalla inn, og ingen hadde merknadar til at laget vart skipa. Sverre Torland vart vald til formann på skipingmøtet, og med seg i styret fekk han Kristen Aarbø, Tarald Landa, Asbjørn Raunholm (varaformann) og Jens B. Helland. Sistnemde var den mest skriveføre i styret, ifølgje Sverre, og vart vald til skrivar. Han stod for alle referata, med flott handskrift.

Det har alltid vore ordskifte på årsmøta, nokre tider svært roleg, andre tider meir ampert. Det er bra det, meiner Sverre, det viser at folk er engasjert. Men verkeleg engasjert vert dei først når det gjeld pengar, meiner han. Ordskiftet på skipingmøtet gjekk på dyrking av jord i fellesbeitet, anten til kulturbeite eller til slått. Fleire meinte og ein burde få skikk på fiskevatna i sameiget. Det vart danna ei fiskenemd med det same. Nemda vart satt ned på skipingmøtet og bestod av Georg Vik, Rasmus Rydland og Karl Gloppen. Nemda var i kontakt med fiskerikonsulenten i fylket, og det vart laga ein driftsplan for vatna. Det vart blant anna konkludert med at i Botnavatnet måtte det fiskast opp fleire hundre kilo for at det skulle bli eit godt fiskevatn. I dag, og den gong, er det altfor mykje småfisk der. Sverre har sjølv stått på ein plass i Kinnavatnet og drege opp 45 småfiskar som ingenting. Det hjelper lite med ein og anna gutunge med fiskestong, her måtte ein gått grundigare til verks med garn om ein skulle blitt kvitt all småfisken. Men det var lita interesse for det, og etterkvart forsvann heile fiskenemda. At det var lita interesse for å fiske i fjellet forklarer Sverre Torland med at Fitjarbuen heller ville fiska i sjøen.

Det vart og sett igang planar om dyrking på Blekjet, men det forsvann og ut.

Sverre hugsar ikkje kor mange som kom på skipingsmøtet, men han hugsar at interessa ikkje var så stor. Mange hadde ikkje noko forhold til dette. Fjellet tilhøyrde alle, slik hadde det alltid vore, og det hadde alltid vore i bruk av alle. Fjellet vart brukt til jakt og fiske, og som beite for sauer og kviger.

Fjellsameige består av heile Fitjarfjellet, heilt til kommunegrensa i sør mot Stord. Grensa er markerd med krossar. Det var meininga at det skulle setjast opp ein steingard langs grensa, og den er teikna inn på kart med le og alt, men har aldri vorten sett opp, kan Sverre fortelja. For svært lenge sidan var det berre dei som grensa til fjellet som eigde i fjellet. Seinare vart dette gjort om slik at fleire gardar skulle få rettigheitar i fjellet. Kven dette er står i merkjeboka, og ved oppstarten var det inga usemja om kven som var grunneigarar.

Sverre påpeikar at grunneigarlaget på Fitjar er ganske spesielt på den måten at grunneigarane faktisk eig fjellet. Dette er ting som vart grundig undersøkt i oppstarten. Mange andre stader er det slik at eit område gjerne er ein kommuneallmenning eller ein statsallmenning, og så har bøndene rettigheiter der, men dei eig det ikkje. Men på Fitjar er det medlemmene i grunneigarlaget som faktisk eig fjellet.

Det var ikkje så mykje å gjera i styret dei første åra. Det handla litt om vatn og litt om stein. Og det kom nokre spørsmål om hyttebygging. Etter kvart som aktiviteten har auka har det og dukka opp krevande saker som har gjort at ein har måtte å søkja eksperthjelp. Då har styret engasjert advokat for at ting skulle gjerast rett.

Grunneigarlaget var ei stund med i utmarkslaget til fylket, men laget her på Fitjar var litt annleis enn dei andre laga, som var mest opptekne av å tena pengar. Her hos oss var det ikkje det som var hovudpoenget, men å ta vare på fjellet, først og fremst til beite, så jakt og fiske, og til turisme, påpeikar Sverre. Her i fjellet har det alltid vore fritt for alle som bur på øya å jakta.

Skipingsmøtet og fleire årsmøte vart haldne på Iris kafe. Her vart det servert middag. Men som sagt var ikkje frammøtet så veldig stort dei fyrste åra.

Det vart sagt i vedtektene at sameigarane skal betala årskontigent etter nærare fastsetjing av årsmøtet. Sverre hugsar ikkje at det nokon tid vart krevd noko kontigent. Pengar til laget kom frå sal av jaktkort m.m., men tala hadde ikkje så mange nullar bak den gong som no… Den første tida handla det helst om jakt på småvilt. Tidlegare var det ein del orre i fjellet. Det vart selt ein del jaktkort, både til fitjarfolk og ein god del stordabuar.

Hjort var det berre i fjellet på den tida. Men etter ei stund tok hjorten til å koma ned på bøane på Søterbø, og Sverre foreslo å jakta spesifikt på dei hjortane som søkte til bøane. Men det var det ikkje forståing for, det var ikkje for jakt å rekna det når ein ikkje var på fjellet. Men i fjellet var det hjort, og Sverre har sjølv sett ein flokk på heile 21 dyr. Det var tider imellom oppstarten av grunneigarlaget og no at det var enormt med hjort her, som kom heilt ned rundt husa, trakka sund bakkane og åt opp rosebuskane i hagane. Sverre Torland har vore ein aktiv jegar i mange år, men no er rifla parkert for godt. Om Sverre ikkje jaktar lenger, likar han å gå ut i utmarka og legg fram epler til hjorten, for så dagen etter kunna stadfesta at dei alltid er oppetne i løpet av natta.

Grunneigarlaget er han ferdig med no. Men når ein snakkar vidare forstår me at han fortsatt følgjer litt med på det som skjer der. Men det er tydeleg at han eigentleg tykkjer det er meir interessant å snakka om gards- og fjellliv då han var yngre. Han hugse at då han var gutunge var det mykje sviing i fjellet for å få bedre beite. Bøndene hadde lite dyrka jord, og var avhengige av beitet i fjellet. Det var knapt med vinterfor, og sauene vart sendt så tidleg til fjels at dei ikkje kunne klyppa dei før dei for oppover. Derfor måtte dei opp seinare då det var blitt varmare i veret, samla sauene, klyppa dei og frakta ulla ned. Han hugsar og at eit par gongar kom sviinga ut av kontroll slik at heile fjellet vart svidd av. Og då vart det mykje god tyttebærlyng etterpå…

Tidlegare var ein nødd til å nytta alt og vel så det, og då var beite i fjellet svært viktig. Det kjem me vel aldri tilbake til, og det er vel heller ikkje eit ynskje. Men det er tydeleg at den tidlegare bonden og grunneigarlagsformannen gjerne skulle sett at beiteresursen i fjellet hadde vore nytta bedre.

I dag skulle dei hatt nokre Highland cattle der som kunne beita alt ned, dei et brake og alt, og så kunne ein fått fint beite, foreslår Sverre. Men det er få som nyttar fjellet til beite i dag. Det er ingen ungdyr å finna der lenger, berre nokre få sauer. Tidlegare var det mange som hadde dyr i fjellet, og dei gjekk ofte ilag når dei skulle ha dei til fjells. Det var faste dagar til dette. Sverre drøymde ei tid om å ha ei bu/hytte i fjellet for at nokon kunne overnatta der av og til, og sjå til dyra at dei ikkje gjekk så langt vekk. Ein kunne setja ut saltsteinar til dei og laga til ein samlingsplass for dyra rundt bua. For det hende at dyra gjekk altfor langt nord. Det vart ikkje noko av bua. Dei andre forstod kanskje ikkje nytteverdien av det, og tenkte at det berre var Sverre som ville ha ei hytte i fjellet. Det vart med tanken.

Det står i møteprotokollen at mange av styremøta i grunneigarlaget vart haldne heima hos Sverre, og det står at dei vart traktert med god mat og kaffi. Maten var det Thelma som stod for. Det berre var slik det, seier Thelma, eg syns det var greit det. Og me forstår godt at dei har blitt godt traktert på styremøta, for me har ikkje sete lenge i sofaen før det kjem mat og drikka på bordet. Men at ho skulle vera aktiv med i laget var aldri aktuelt. Ein kom ikkje på at damene kunne eller skulle vera med. At kvinner skulle vera med kom ikkje på tale. Det var som då vestlandske salslag skulle sleppa kvinner til og ein austevolling sa me må tenkja på kva Paulusen sa… Men om det var så bevisst at damene ikkje var med, veit ikkje Sverre, dei kom berre ikkje på at dei kunne vera med. Det var mennene som var med i grunneigarlaget.

Sverre veit mykje om fjellet og kjenner det ut og inn, og er interessert i gamal sæterdrift. Han snakkar varmt om fjellet, som ein del av gardslivet og som rekreasjonsområdet. Han har brukt fjellet flittig. Han har fiska litt, plukka store mengder bær og hatt dyr på beite der. Og før, då det alltid var så mykje snø, gjekk han mykje på ski i Fitjarfjellet. Då var gjerne Thelma og ungane og med. Ofte hadde dei skia liggande oppe ved skoggrensa, slik at dei slapp bæra dei opp og ned etter kvar tur. Ungane hadde hoppkonkurranse i fjellet, og brekte både ski og føter. Sverre drøymer seg vekk til mange snørike vintrar. Men det får me vel aldri igjen, sukkar han. Ikkje er ungane så interessert i fjellet lenger heller, som dei var før. Men før hadde dei jo ikkje data…

Sverre sat i styret frå 1971 til 1990, heile 19 år. Dei 11 første åra som formann, som det heit den gongen. Kvifor tok han gjenval år etter år? Grunnen var enkel, det var få som hadde interesse for dette, få som ville sitja i styret, og det var ingen andre som ville vera leiar. Sverre var oppteken av å ta vare på fjellet, så då vart han sitjande i styret, og han vart sitjande som leiar heilt til Asbjørn Raunholm tok over den jobben i 1982.

Sverre har alltid teke vare på fjellet, seier Thelma. Og at han er glad i fjellet, og at han har kjent forvaltaransvar for det, er heilt tydeleg.

Me takkar Sverre Torland for samtalen og for den store innsatsen han har gjort for grunneigarlaget i svært mange år!

November 2008

Helga Rimmereid